naf-camp

I 2010 blei vi NAF Camp, og vi har plass til campingbilar, campingvogner og telt. Hovedhuset ligg midt på området. Der finn du restauranten og ikkje minst terrassen med plass til 150 gjester. Her kan du nyta god mat og drikke, medan du har ein fantastisk utsikt innover fjorden. Vi har og to flotte og svært populære strender, gjestebrygge, flott leikeområde og aktivitetspark for store og små gjester.

Vi har fleire båtar med motor til utleige. Det er godt fiske både i fjorden og i fjellvatna i området. Likar du å vandre i fjellet, finst det ei rekkje merka stiar i fjella rundt Norevikane.

Fagernes og Norevikane er eit godt utgangspunkt for dagsturar. Innan rimeleg avstand finn du alt frå elvefiske etter laks og aure, isbrear, golf, rafting, UNESCO-senteret i Hyllestad og mykje, mykje meir. Vi har heilårsdrift, og ta kontakt om du har noko å feira eller noko du vil arrangere. Vår erfaring gir deg tryggheit.

View the embedded image gallery online at:
http://norevikane.com/index.php/naf-camp#sigFreeId899479b8d0