fagerneset

Velkomen til ei av dei flottaste naturperlene langs Sognefjorden. Vårt feriesenter ligg på Fagernes ved Norevikane, langs vestlandet sine hovudveg, E39. Berre 15 minutt frå ferjekaia i Lavik. På vårt område finn du hytter, camping, badestrand, båtutleige, aktivitetspark, fjordfiske og vår renomérte restaurant. Fagernes er eit av dei eldste feriesentra på Vestlandet.

Det er snart 80 år sidan dei første hyttene vart bygd her, og sidan har folk valfarta til denne naturperla ved Sognefjorden.

Senteret er eit perfekt utgangspunkt for opplevingar ved verdas lengste isfrie fjord. Sognefjorden er av heilt naturlege grunnar på UNESCO si verdsarvliste. Vi tilbyr 11 velutstyrte hytter med 4 – 8 sengeplassar, alle med moderne kjøken og bad. Alle hyttene har anten terrasse eller koseleg uteområde.