Aktivitetar hjå Norevikane - Fagernes i Sogn

Eit opphald på Fagernes er utgangspunkt for ein ferie full av positive aktivitetar. Ein fisketur på fjorden, eller ein fjelltur i nærområdet gjer godt for kropp og sjel.

På området har vi vår eigen villmarksleir med den store lavvoen som midtpunkt og mange spennande aktivitetar som er utfordrande for store og små gjester. Blant anna ei tøff taubane, pil- og bueskyting og mykje anna.

På området finn du og fleire grillplassar.

Klatring
Fem minuttar køyring frå Norevikane finn du eit av dei beste klatrefelta på Vestlandet. Det er utvikla eigen klatreførar for området, og for klatreentusiastar er dette ei heilt spesiell oppleving.

Dykking
Norevikane er eit glimrande utgangspunkt for erfarne dykkarar. 10 minutt unna ligg Vadheimsfjorden, der det kvart år er mange som dykker på det tyske krigsvraket «Oldenburg». Fangstdykking er og svært populært.

Golf
Sunnfjord Golfklubb ligg like utanfor Førde, 50 minuttar køyring frå Norevikane.

Fiske
Fjordfiske er populært. I nærområdet ligg og mange gode fiskevatn, og innan ein times køyring finn du nokre av dei beste elvene i fylket.

Hjortejakt
Vi formidlar informasjon om hjortejakt i nærområdet.

Kvernsteinsenteret
I Hyllestad, 30 minutt unna oss, ligg Kvernsteinsenteret. Dette gir eit unikt innblikk i korleis dei levde langs fjorden frå tidlege tider. Senteret er kandidat til å kome på UNESCO si verdsarvliste.

Industrimuseum
I Høyanger (25 minutt unna), ligg industristadmuseet. Her kan du oppleve på nært hald korleis det Vest-Norske industrieventyret vart til. Høyanger er kjend for sin aluminiumsindustri.

Badeland
Høyangerbadet ligg 25 minutt unna oss, og tilbyr fire forskjellige basseng ute og inne, vannrutsjebaner og velvære. Svært gode familieprisar!

 

View the embedded image gallery online at:
http://norevikane.com/index.php/aktiviteter#sigFreeId5e5bbc6f90